Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Å komme til lunns

Å komme til lunns er noko heilt anna enn å komme til lunsj!

Uttrykket komme til lunns tyder å ’komme til rette’, som i pengane er komne til lunns. Det blir særleg brukt nord i landet og kan seiast om både ting og personar.

Lunns kjem av ein lunn, som er ein rund stokk som underlag i ei båtstø, ein tømmerstabel e.l. Dette ordet lunn er i slekt med ein (tømmer)lunne. Verbet å lunne tyder både å køyre fram tømmer og leggje det i lunnar og å leggje ned lunnar som underlag.

Det gamle juridiske uttrykket lunnende er framleis brukt i fjellova om rettar og fordelar som høyrer til ein jordeigedom. Både lunnende og komme til lunns er døme på at eit konkret ord som lunn kan vere opphav til uttrykksmåtar med overført tyding. Ein kan tenkje seg at å komme til lunns vil seie at noko kjem fram til der det høyrer til, eller fram til den rette eigaren.

 1. februar 2010

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

Utviklet av Gazette